Kråkevik vil gi lesarane store kunstopplevelser til jul, Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Kari Bremnes og Håkon Bleken m.fl. er med i Herborg Kråkeviks julehefte Juleroser.
Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som et av de mest populære, norske juleheftene. I år er Juleroser ute i et rekordstort opplag på 92 000, og er til salgs over hele landet frå 20. november.
– Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, sier Kråkevik.
Juleroser 2017 har bidrag frå Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Geir Gulliksen, Kari Bremnes, Synnøve Macody Lund, Alf Prøysen, Håkon Bleken, Anne Grete Preus og mange andre. Heftet er rikt illustrert med bidrag frå dei beste biletkunstnarane. Tre vakre kunsttrykk er inkludert.