Sylvi Listhaug har brei støtte utover i folket, også blant sosialdemokratar, bønder og kristne, fordi ho arbeider for eit Noreg som skal vera gjenkjenneleg og sjølvrådig også om tjue og tredve år. Om ho stundom uttalar seg bombastisk, får ho i allfall ein del menneske til å vakne. Ho får fart på ordskiftet, og det er bra! Demokratiet treng spissformuleringar inne i alt det saklege og byråkratiske.
Det beste eg har lese om dagens strid og eventuelle mistillitsframlegg mot henne, kjem frå professor emeritus i europeisk kulturhistorie, cand. theol. Bernt Torvild Oftestad:
«Vi bør støtte Sylvi Listhaug nå. For dette går om mer enn henne. Vi må unngå å havne i sensuren. Hva som kan skrives om Utøya, skal avgjøres av AP, som skyver mennesker som ble rammet av terroren foran seg. Dette er et snedig grep. Listhaug skrev ikke noe om Utøya, men om AP.
Ofrene kom frem i media på rad og rekke, og gav et sterkt trykk i polemikken. Rettsstatens første plikt er å forsvare borgerne mot krefter som vil ødelegge dem… men Stoltenberg som hadde sviktet i beredskapen, tok «ansvaret» og ble sittende.»
Og til overmål: På fjernsynet i går sa Støre at han heretter vil bruke Utøya meir i den politiske maktkampen. Då må først Listhaug fjernast, for ho har ansvaret for at innvandring kom på topp blant folk som viktigaste sak før stortingsvalet.
Det er truleg aller mest Sylvi Listhaug å takke at det vart borgarleg regjering i 2017, så no skal ho takast. Då må ikkje-sosialistane stå oppreist i politikken, og ikkje la seg drive med i polemikken!
Hallgrim Berg
Foto: Bjørn Inge Bergestuen.